
Lars Korff Lofthus
Før han sovner
Utstillingsåpning torsdag 7. august 2025, kl. 18-20
I Lars Korff Lofthus sine maleri møtast ulike verder: hardangerstover med framskap og bondesenger, og nakne mannekroppar malt med eit skeivt blikk. Tidlegare var det vestlandslandskapet han malte – ikkje det nasjonalromantiske, men det vestlandske slik mange kjenner det i dag: gjennomskåre av tunnelar, prega av brøytestikker og moderne infrastruktur. Etterkvart har han vendt blikket innover, mot kulturarven frå Hardanger, og sin eigen skeive identitet.
Lofthus arbeider parallelt med fleire motivkretsar – tradisjonelle vestlandsinteriør og nakne menn – og lar dei stå side om side. Det er i samanstillinga at spenninga oppstår. Maleria opnar for nye lesingar av det heimelege og det maskuline, og inviterer til å sjå på tilhøyra, attrå (begjær) og identitet med eit anna, skeivt blikk.
Formalt trekk Lofthus vekslar på dekorative ornament og folkekunst. Interiøra malast med breie og transparente penselstrøk i fargar som både er tru mot dei historiske romma og samstundes overraskande moderne – ofte intense, tidvis nesten skrikande. Til tross for dei enkle, tilsynelatande raske penselstrøka, er verka metta med detaljar og ornamentikk. Med presise penselstrøk formar han motiva og skildrar ljos og perspektiv slik at det kan kjennast nesten overraskande lett.
Lofthus lar det heimlege, historiske og det skeive eksistere side om side. Maleria granskar korleis identitet vert forma i møta mellom attrå og tradisjon, mellom ornament og kropp, eller mellom tilhøyra og utanforskap.
___________________________________________________________
Lars Korff Lofthus (f. 1978) er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen, avdeling Kunstakademiet, Det Kongelige Danske Kunstakademi og Nordiska Konstskolan i Kokkola, Finland. Han har ein omfattande utstillingspraksis, og er i tillegg engasjert i skriving, formidling og kuratering. Arbeida hans er innkjøpt av blant annet Nasjonalmuseet, Kode, Oslo kommune, Equinor kunstsamling, og Universitetet i Agder. Han deler tida og arbeidet sitt mellom Bergen, der han tidlegare var førsteamanuensis ved Kunstakademiet, og atelieret sitt i Hardanger.
Utstillinga er støtta av Kulturdirektoratet
- Lars Korff Lofthus - Før han sovner - Lars Korff Lofthus
- Lars Korff Lofthus
- Skapseng (Lavendel)
- 2025
- akryl og pigment på treplate, eikeramme
- 62,5 x 42,5 cm
- Lars Korff Lofthus - Før han sovner - Lars Korff Lofthus
- Lars Korff Lofthus
- Døyande Furu II
- 2025
- akryl og pigment på treplate
- 62,5 x 42,5 cm
- Lars Korff Lofthus - Før han sovner - Lars Korff Lofthus
- Lars Korff Lofthus
- Skapseng (Blå)
- 2025
- akryl og pigment på treplate, eikeramme
- 62,5 x 42,5 cm
- Pris: 21000,-
- Lars Korff Lofthus - Før han sovner - Lars Korff Lofthus
- Lars Korff Lofthus
- Torso
- 2025
- akryl og pigment på treplate, eikeramme
- 62,5 x 42,5 cm
- Pris: 21000,-
- Lars Korff Lofthus - Før han sovner - Lars Korff Lofthus
- Lars Korff Lofthus
- Interiør (Rambergstova) II
- 2025
- akryl og pigment på lerret
- 190 x 320 cm
- Pris: 140000,-
- Lars Korff Lofthus - Før han sovner - Lars Korff Lofthus
- Lars Korff Lofthus
- Omfamning
- 2025
- akryl og pigment på treplate, eikeramme
- 50 x 42,5 cm
- Pris: 19000,-
- Lars Korff Lofthus - Før han sovner - Lars Korff Lofthus
- Lars Korff Lofthus
- Mot Utne
- 2025
- akryl og pigment på treplate, eikeramme
- 50 x 42,5 cm











