Solfrid Olette Mortensen
Solfrid Olette Mortensen

FALL er nonfigurativt, abstrakt, men så er det ikkje det likevel. Eg vil kalle det

konkret i den måten kvar tynne fargestripe illustrerer tyngdelova i si organiske ferd

ner bildeflata. Uttrykket fekk meg til å tenke på lauv som fell mot jorda om hausten i

ein rik fargekadens, difor ein tittel som kan gi ei tvespråkleg tyding.

« Måleriet FALL er kjøpt av Utsikten Kunstsenter i Kvinesdal og har fått

henge i eit lite seminarrom med store vindusflater ut mot ein fjellskrent og ein

asfaltert parkeringsplass. Her oppstår det ei heldig utveksling mellom det fargerike

lerredet og naturen ute når små glimt av farge i det gråtunge utemiljøet finn motsvar i

bildet.


FALL er nonfigurativt, abstrakt, men så er det ikkje det likevel. Eg vil kalle det

konkret i den måten kvar tynne fargestripe illustrerer tyngdelova i si organiske ferd

ner bildeflata. Uttrykket fekk meg til å tenke på lauv som fell mot jorda om hausten i

ein rik fargekadens, difor ein tittel som kan gi ei tvespråkleg tyding.


Eg har lenge tenkt at FALL er inspirert, ja på det næraste eit tjuveri, etter eit bilde

av Morris Louis. Til ei utstilling sommeren 2013 eksperimenterte eg med å la farge

renne. I retrospekt ser eg og at dei vertikale fargestripene like gjerne er ei viareføring

frå min eigen fysiske installasjon til Hå gamle prestegard året før. I VINTER heng

tråder frå tak til golv i det glisne låverommet og svinger i takt med vindstyrken ute.


Min veg inn i måleriet kjem via mange års arbeid med m.a. installasjoner og land art

etter først ei utdanning i stofftrykk og fargebruk på 1970-talet. No maler eg mest med

akryl på lerred, forenkler form, fokuserer på farge.»

  • Relaterte kunstnere:
  • Solfrid Olette Mortensen (Website)

Solfrid Olette Mortensen
  • Solfrid Olette Mortensen
  • Solfrid Olette Mortensen
  • Bilde 3
  • Year: 2013
  • Format: 185cm x 265 cm
Solfrid Olette Mortensen
  • Solfrid Olette Mortensen
  • Solfrid Olette Mortensen
  • Bilde